Black Turkey

Homlagarden har lenge vore på jakt etter ein kalkunrase eigna for økologisk oppdrettsmetode.  Med stønad frå Innovasjon Norge og i samarbeid med Bioforsk og Baastad kalkunoppdrett har me undersøkt kva som fins av kalkunraser  i Europa og kva eigenskapar desse har. Målet er å avle fram ein kalkun med genetikk som eignar seg til økologisk oppdrett. Det vil seie ein fugl som liknar meir vill kalkun. Me har importert nokre avlsdyr frå England og kryssa fram ein kalkun me har kalla Black Turkey. Den har genetikk frå ein svart kalkunrase; Norfolck Black, som spanjolane importerte frå Mellom Amerika på 1600 talet.

Kalkunen liknar skogsfugl i utsjånad og er robust i oppdrett. Den veks seint og får ein sterk og sunn kropp. Slakta er ca 30 % mindre i vekt enn ein konvensjonell kalkun, men har svært fin kjøtfylde med den beste kvalitet og smak både til bruk som julekalkun, som stykka kjøt eller som foredla varer.