Bruket som vart kjøpt i 1974 ligg fritt til over fjorden på Aksnes i Kvam i Hardanger.
På flyttelasset hadde me med ti kalkunkyllingar. Sidan den gongen har kalkunflokken vakse til fleire tusen fugl. I tillegg til at levebrødet var keramisk kunsthandverk har der vore drive eksperimentelt jordbruk på bruket etter den tida.
Økodrift Homlagarden AS vart etablert i 2007. Verksemda har no 3 tilsette i administrasjonen og 8 sesongarbeidarar i slakteriet og drifta. Årsproduksjon er på kring 120 tonn økologisk kalkun og kylling.
Homlagarden har utvikla seg til ei innovativ økologisk verksemd som skaper aktivitet i lokalmiljøet. Me har etablert langvarige avtalar om driftssamarbeid med bønder i distriktet og gode leveringsavtalar for kjøtet over heile landet.
Homlagarden eig og administrerer produksjonen, men leiger bygg, areal og arbeidskraft frå samarbeidande bruk. Til dømes leiger me sauefjøs og heimebeiter til oppal av kalkun når sauen er til fjells sumartid. Ein vinn-vinn situasjon for bonden som får leigeinntekt for fjøset, beita vert haldne i hevd og er klare til bruk når sauen kjem frå fjellet.
Tre drivhus og to grisehus med areal har vorte byggd om og teke i bruk for oppdrett av økologisk kalkun og kylling.

Homlagarden har i dag eige klekkeri, 3 kyllinghus og 6 lokalitetar med beiteareal for oppdrett av fuglane, eige økologisk og godkjend fjørfeslakteri, nytt moderne  pakkeri med fryseri og lagerfasilitetar. Me distribuerer sjølv varene i kjøl-/frysebil til grossist, butikk eller transportør.

image1

Bjørn Brynjolf Pedersen

Kvifor Økologisk?

Skal det i framtida også vera liv laga på denne planeten, meiner eg all menneskeleg aktivitet bør dreiast mot økologisk tenkemåte og handling. Dette er noko av drivkrafta bak drifta i Homlagarden.¨

image1

Bjørn Brynjolf Pedersen

DEBIO er kontrollorgan for det økologiske jordbruket i Noreg.
Dei økologiske bruka skal mellom anna drivast utan bruk av kunstgjødning, preventiv medisinering eller miljøfarlege sprøytemidlar. Økologiske kylling og kalkun skal ha god plass i husa. DEBIO krev at der ikkje skal vera over 21 kg fugl per kvadratmeter.
Dyra skal ha fritt tilgang til areal ute, kunne beite og dagleg få økologisk fôr. Foret skal ha 100% økologiske ingrediensar. Økologisk fôr, naturlig næring og mykje mosjon gjer at kyllingane veks seinare. Dei vert slakta etter 71 dagar. Kalkun etter 115 til 180 dagar.

Om Homlagarden:

Homlagarden har vore eit småbruk under Baroniet i Rosendal fram til etter siste verdens krigen.
Bjørn Brynjolf Pedersen kjøpte Homlagarden i 1974. Som kunstnar og idealist har økologisk tenking vore ein inspirasjon og logisk tenking til utbygging av kalkundrift.
Økodrift Homlagarden AS har ein årleg produksjon av økologiske kalkun og kylling på 7 bruk i Hardanger. Eit innovativt driftssamarbeid der Homlagarden eig og administrerer produksjonen, men leiger bygg, areal og arbeids-kraft frå dei samarbeidande bruka. Til dømes bønder som har kalkun i sauefjøsa sine. Bygg som elles hadde stått tomme når sauene er til fjells er no fulle av kalkun summarstid. Ein vinn-vinn situasjon for bønden som får inntekt og beite vert halde vedlike og gjødsla. Dette har skapa ei interessant økologisk verksemd i regionen.
Drifta er godkjent av Mattilsynet og DEBIO. Produksjonen er på om lag 14 000 kalkun og 8 000 kylling årleg og er dermed i dag Noregs største produsent av økologisk kvittkjøtt. Dyra vert slakta og pakka i eige EU godkjent slakteri.

Om drifta:
Økodrift Homlagarden AS har sit eige klekkeri. Kyllingane får økologisk oppvekst frå fyrste dag. Vidare har Homlagarden eigne kylling- og oppalshus og eige EU-godkjent fjørfeslakteri. Transporten til slakteriet er roleg, kort og med lite stress. Dyra vert fanga og avliva manuelt.  700 kalkun eller 1000 kyllingar heng ferdige på kjøl etter ein slaktedag. Slakting og nedskjering er såleis handverk der me har ein god manuell kontroll av slakteprosess og rutinar i slakteriet. Fuglane er salmonellatesta før slakting og kjøtet er på kjøl innan 10 minuttar etter avliving. Ved rett kjøttemperatur 0- 4 C* vert kjøtet pakka som heile slakt eller partert og vakuumpakka før innfrysing og lagring i eigen frys. Noko vert og levert som ferskvare. Mattilsynet og personalet i Homlagarden kontrollerer kvart slakt i alt 11 gonger under slakteprosessen.
Til reingjering brukar Homlagarden organisk syre og produkt med låg PH-verdi utan kjemikaliar eller miljøgifter. Mjølkesyrebakteriar vert brukte for å styrkje dyrehelsa og hemma utvikling av uønska bakteriar, midd og innsekt i miljøet.
Verksemda er godkjend av Mattilsynet og DEBIO på alle nivå frå klekka kylling til oppal, transport, slakting, pakking og foredling like fram til levert strekkodemerka produkt.

Økodrift Homlagarden AS fekk tildelt Innovasjon Norge sin ”Bygdeutviklingsprisen- 2009”, og vart av Bioforsk og Fylkesmannen i Møre og Romsdal kåra til ”Årets leverandør for økologisk produkt 2010” Så fekk verksemda tildelt: ”Økoprisen Vestlandet” frå Norsk Økologisk Landbrukslag i 2011. Seinare har me fått nominert Kalkun brystfilet til finalen i ”Det Norske Måltid 2011” medan Kalkun lårfilet vart nominert til finalen i ”Det Norske Måltid 2013”.  ¨Black Turkey heil lårsteik¨ fekk så tildelt ”Gullprisen under finalerunden i den Norske Måltid 2014”. I tillegg vann Homlagarden Matmerk sin pris ¨Året’s Matspire 2014¨ . Ein pris også knyta til Det Norske Måltid 2014, sjå ”Kåringar”.