Black-Turkey-1800-3

Black Turkey Økologisk Kalkun

IMG_8197

Økologisk Kylling

Black turkey_slide_5

Black Turkey Økologisk Kalkun

slide_kylling_2

Økologisk Kylling

Benjamin_haust 2020_slide

Black Turkey Økologisk Kalkun

Kvar morgon flaksar hundrevis av kalkunar ned mot  grøne bakkar på Homlagarden i Hardanger

 

Dei meskar seg i natureng med blomar og frodig gras, ville bær og urteplanter. Naskar til seg litt eple og plomme i ny og ne, snappar insekt i skogbrynet, jordbadar og lever glade dagar i det fri. Om ettermiddagen vandrar dei heim til kveldsmat og kvile.

Homlagarden har lenge vore på jakt etter ein kalkunrase eigna for økologisk oppdrettsmetode.  Med stønad frå Innovasjon Norge og i samarbeid med Bioforsk og Kelly Turkeys kalkunoppdrett har me undersøkt kva som fins av kalkunraser  i Europa og kva eigenskapar desse har. Målet er å avle fram ein kalkun med genetikk som eignar seg til økologisk oppdrett. Det vil seie ein fugl som liknar meir vill kalkun. Me har importert nokre avlsdyr frå England og kryssa fram ein kalkun me har kalla Black Turkey. Den har genetikk frå ein svart kalkunrase; Norfolck Black, som spanjolane importerte frå Mellom Amerika på 1600 talet.

Kalkunen liknar skogsfugl i utsjånad og er robust i oppdrett. Den veks seint og får ein sterk og sunn kropp. Kalkunane har svært fin kjøtfylde med den beste kvalitet og smak både til bruk som julekalkun, som stykka kjøt eller som foredla varer.

Kyllingar frå eige økologiske foreldredyr

Homlagarden har som fyrste fjørfeprodusent i Noreg opparbeida eige rugeri med økologiske kyllingforeldredyr. Gjennom utprøving med importert avlsmateriale frå sakteveksande kyllingrasar har me funne ein rase som høver for økologisk oppdrett i norsk klima. Ein fugl med god robust helse og høg kjøtkvalitet.
Kyllinghanar og høner lever harmonisk saman, og hønene vert naturlig befrukta. Egga vert klekt i Homlagardens eige klekkeri og kyllingane får økologisk oppvekst frå fyrste dag. Fuglane veks i eit naturleg tempo, langt saktare enn konvensjonell kylling, og utviklar ein sterk og frisk beinstruktur med god muskulatur og friske indre organ. Dei beveger seg raskt, har god fjørdrakt og trivst ute på beite.

Økologisk fôr inneheld dei beste råvarer utan restar av sprøytemidlar og inneheld ikkje koksidiostatika (Narasin). Fuglane får rein og naturleg mat. I tillegg har dei god plass både inne og ute.

Økologisk fôr, uteliv, god plass og god hygiene styrkjer trivsel og helse.