Homlagarden Heilsteikt Kylling Med Appelsin og urter
Saftig heilstekt kylling med mykje smak. Appelsin, løk og urter gjer ei aromatisk kraft i forma og løfter smaken på den økologiske Homlagards-kyllingen.
Ingrediensar:
· 1 heil økologisk Homlagarden-kylling
· 3 appelsiner i båtar
· 2 lauk i båtar
· 8 kvitlauksfedd
· 1 neve fersk timian
· Salt og pepar
3 dl vatn
Marinade
· Ein god klunk olivenolje
· Safta av 2 appelsiner
· 3 ts paprikapulver
· 1 ts chilipulver
· 1 ts malt koriander
· Salt og pepar
Slik gjer du
1. Set omnen på 180 °C.
2. Legg kyllingen i ei romsleg eldfast form.
3. Fordel 1/3 av appelsin, lauk og timian i botnen av forma.
4. Legg resten rundt og gjerne inni kyllingen saman med kvitløken. Krydre med salt og pepar.
5. Bland saman marinaden og pensle kyllingen godt.
6. Hell vatn i forma og steik i ca. 90 minutt. Stikk ein kniv i lårkjøttet på kyllingen, når safta som kjem ut er blank er kyllingen ferdig.
7. La kyllingen kvile i 10–20 minutt før oppdeling.
Server kyllingen med ferskt brød til å suge opp den gode krafta eller ris og ein frisk salat.
Tips: Ta vare på beina etter måltidet – dei gir ei fantastisk kraft.