HOMLAGARDEN KYLLINGKARRI MED KOKOSMELK

Barnas favoritt

Mild og kremet kyllingkarri med kokosmelk, kvitløk og ingefær. Denne retten er enkel å lage, har mykje smak utan å bli for sterk og passar godt til både kvardag og helg.

Saktevoksande Homlagarden-kylling held betre på safta under steiking og gir eit meir smakfullt resultat enn vanleg kylling.

Dette er ein rask middag som er klar på under 30 minutt.

Tid: ca. 25 min
Aktiv tid: ca. 20 min
Porsjonar: 3–4

DU TRENG

600–800 g Homlagarden kyllingkjøt

1 klype grovsalt
1 knivsodd søt chilipulver
1–2 ts karripulver

2–4 fedd kvitløk
ein god bit fersk ingefær

1 ss kokosolje
1 ss sesamolje

2–3 ss soyasaus

1 pakke kokosmelk

SERVERING

Server gjerne med:

  • kokt ris

  • frisk salat

  • eller dampa grønsaker

FØR TILBEREDING

Tin kjøtet i kjøleskap dagen før bruk.

Ta av skinnet og skjær kjøtet i halvstore bitar, ca. 1 cm tjukke.

SLIK GJER DU

Bland salt, chilipulver og karripulver og gni krydderet inn i kjøtet.

Skjær opp kvitløk og fersk ingefær og steik desse først i kokosolje med sesamolje til dei er brun og krispi

STEIKING

Tilsett kyllingbitane og steik på høg varme i ca. 2–3 minutt til kjøttet får lett steikeskorpe.

Hell over kokosmelk og smak til med soyasaus.

La retten småkoke i 1–2 minutt til kjøttet er gjennomvarmt og sausen har samla seg.

TIPS

Steik kvitløk og ingefær først – då får oljen meir smak som trekkjer inn i heile retten.

FOR EIN MILDARE VARIANT

Bruk mindre karripulver og chilipulver dersom retten skal vere ekstra barnevenleg.

KVIFOR KYLLINGLÅR GIR EKSTRA GOD SMAK

Kjøtt frå lår eller mørkare delar av kyllingen held betre på safta og gir meir smak i raske gryter og wokrettar.