HOMLAGARDEN KYLLINGLÅRKJØT

Raskt steikt og saftig

Kyllinglårkjøt har meir smak og naturleg feitt enn brystkjøt, og eignar seg svært godt til rask steiking i panne eller på grillen. Når kjøtet får liggje i ro i varm panne, får du god steikeskorpe samtidig som kjøtet held seg saftig og møyrt.

Saktevoksande Homlagarden-kylling held ekstra godt på safta under steiking og gir eit meir smakfullt resultat enn vanleg kylling.

Dette er ein enkel og rask middag som passar like godt til kvardag som til grilling.

Tid: ca. 20–25 min
Aktiv tid: ca. 15 min
Porsjonar: berekn ca. 150–200 g kjøt per person

DU TRENG

600–800 g Homlagarden kyllinglårkjøt

1–2 ts grovt salt

1/2 ts ferskkverna peppar
eller
1/2 ts søtt chilipulver

2 ss ekte smør

SERVERING

Server gjerne med:

  • kokte eller steikte poteter

  • frisk salat

  • eller grilla asparges og grønsaker

FØR TILBEREDING

Dersom kjøtet er frosent, tin det i kjøleskap dagen før bruk.

Du kan bruke ferdig kyllinglårbiff eller skjere kjøtet frå heile lår.

Skjer først kjøtet laus frå beinet, og skjer deretter på tvers av fiberen i bitar på ca. 1,5 cm.

SLIK GJER DU

Gni kjøtet inn med grovt salt og peppar eller søtt chilipulver.

Varm smøret i ei steikepanne.

Når skummet frå smøret trekkjer ut mot kantane av panna og smøret byrjar å bli lett nøttebrunt, er panna varm nok.

Legg kjøtet i panna og skru ned til middels varme.

La kjøtet liggje i ro i ca. 3 minutt til det har fått god steikeskorpe før du snur det.

Vend bitane enkeltvis slik at dei blir jamt steikte.

TIPS

Dersom smøret er for kaldt, eller kjøtet blir flytta for mykje i panna, blir kjøtet meir kokt enn steikt. Då mistar det meir væske.

Når kjøtet får steike i ro i varm panne, held det betre på safta og blir meir møyrt og smakfullt.

GRILLING

Same framgangsmåte kan også brukast på grill.

Steik kjøtet raskt på høg varme til det får fin steikeskorpe og er gjennomsteikt.

KVIFOR KYLLINGLÅRKJØT GIR MEIR SMAK

Kjøt frå lår har meir naturleg feitt og meir smak enn brystkjøt. Det gjer det ekstra godt eigna til rask steiking og grilling, samtidig som det held seg saftigare.