PULLED KYLLING-BURGER MED BBQ-SAUS OG COLESLAW
4 porsjonar
Vanskegrad: Enkel
Tidsbruk: ca. 20 minutt
Restane etter ein heilsteikt kylling kan fort bli vekas beste middag! Med ein handmiksar riv du kaldt kyllingkjøt på sekund, før kjøtet blir vendt i BBQ-saus og lagt i mjuke briochebrød med sprø og syrleg coleslaw. Vispane gjer akkurat den jobben du elles ville gjort med to gaflar, berre mykje raskare. Trikset er å køyre på låg fart og stoppe medan kjøtet framleis har litt struktur. På nokre få sekund har du perfekt pulled kylling, og restane frå gårsdagens middag har fått eit heilt nytt liv.
Pulled kylling
Restar av ferdigsteikt kyllingkjøt
1–1½ dl BBQ-saus
1–2 ss steikesjy eller kyllingkraft (kan erstattast med smør)
4 brioche burgerbrød
Coleslaw
250 g hodekål eller spisskål
1 vårlauk
1 gulrot
2 ss majones
2 ss rømme
1 ss eplecidereddik
1 ts dijonsennep
salt
svart pepar
Til servering
sylta jalapeños
sylta agurk
½ raudlauk i skivar
sterk saus
Ha kyllingkjøtet i ein stor og djup bolle. Bruk ein handmiksar med vispar og start på lågaste fart, så ikkje kyllingbitane flyg ut av bollen. Køyr i nokre få sekund om gongen til kjøtet er rive i fine trådar. Ikkje køyr for lenge, kjøtet skal framleis ha litt struktur.
Ha kyllingen i ei panne saman med BBQ-saus og litt steikesjy eller kyllingkraft. Varm forsiktig opp og vend godt saman til kjøtet er varmt og saftig.
Finsnitt kålen og vårlauken, og riv gulrota. Bland majones, rømme, eplecidereddik og dijonsennep. Vend inn grønsakene og smak til med salt og svart pepar.
Rist briochebrøda i panna med litt feitt eller i brødristaren. Fyll dei med coleslaw og rikeleg med varm pulled kylling, og topp med sylta jalapeños, sylta agurk, raudlauk og eventuelt litt hot sauce om du likar det sterkt.