ROTISSERIE-INSPIRERT HEIL KYLLING MED SMÅPOTETER


4 porsjonar

Vanskegrad: Enkel

Tidsbruk: ca. 1 time + tørrsalting over natta

Den gode smaken av ferdiggrilla kylling, berre heimalaga og endå betre! Eit tynt lag krydra majones gir gyllent og smakfullt skinn, medan tørrsalting på førehand sørger for saftig og godt krydra kjøt. Småpotetene steiker i same støypejernspanne og trekkjer til seg all den gode steikesjyen undervegs.

Men tilbake til det du mest sannsynleg stussa over: Majones på kylling? Tenk på det litt som å pensle bollar med egg før steiking. Majones består hovudsakleg av olje og egg, og gir ei jamn overflate som brunar fint i den varme omnen, samtidig som krydderet får noko å feste seg på. Kombinert med tørrsalting og høg varme får du den velkjende smaken av grilla kylling, laga heilt frå botnen av på ditt eige kjøkken.

1 heil økologisk kylling frå Homlagarden ca. 1,5–2 kg
ca. 1½ ss fint salt (om lag 1 ss per kg kylling)


Krydra majones

2 ss majones (gjerne heimalaga av økologiske egg)
1½ ts paprikapulver
1 ts kvitlaukspulver
1 ts laukpulver
½ ts tørka oregano
½ ts tørka timian
¼ ts malt koriander
½ ts svart pepar


Småpoteter

650 g småpoteter
2 ss olivenolje
2–3 kvistar rosmarin
1 sitron

Til servering

sitronbåtar
enkel grøn salat
grøne oliven

Dryss kyllingen med salt på alle sider. Set han utildekt i kjøleskapet over natta. Dette krydrar kjøtet heilt inn og tørkar samtidig overflata, slik at du får betre steikeskorpe.

Ta kyllingen ut av kjøleskapet medan omnen blir varm. Set omnen på 220 °C varmluft.

Bland majones med paprikapulver, kvitlaukspulver, laukpulver, oregano, timian, koriander og svart pepar. Smør eit tynt og jamt lag over heile kyllingen.

Ha småpotetene i ei støypejernspanne. Dryss over litt olivenolje og sleng i nokre kvistar rosmarin og oppskorne sitronbåtar. Legg kyllingen oppå potetene med brystet opp.

Steik midt i omnen i ca. 45–60 minutt, avhengig av storleiken på kyllingen. Bruk steiketermometer og steik til kjernetemperaturen i den tjukkaste delen av brystet er ca. 68 °C.

Ta kyllingen ut av panna og la han kvile i ca. 10–15 minutt før du skjer i han. Medan kyllingen kviler, vender du potetene i steikesjyen og set panna tilbake i omnen til potetene er gylne.

Server kyllingen med småpotetene, grøne oliven og ein enkel grøn salat. Press safta frå dei bakte sitronane og bruk ho som base i ein enkel vinaigrette til salaten.

Restetips:
Plukk kjøtet av skroget medan kyllingen framleis er lun. Det er mykje enklare enn når kjøtet er heilt kaldt. Ta vare på skroget og kok kraft, og bruk restane til pulled kylling-burgarar, taco, supper eller salatar.