Historia vår
Homlagarden har vore eit småbruk under Baroniet i Rosendal fram til etter siste verdskrig. Bruket, som vart kjøpt i 1974, ligg brattlendt og fritt til over fjorden på Aksnes i Kvam i Hardanger.
På flyttelasset hadde me med ti kalkunkyllingar. Sidan den gongen har kalkunflokken vakse til fleire tusen fugl. I tillegg til at levebrødet var keramisk kunsthandverk har der vore drive eksperimentelt jordbruk på bruket fram til i 2008 då kalkundrifta vart satsa på for fullt.
Homlagarden har utvikla ei innovativ økologisk verksemd som skaper aktivitet i lokalmiljøet. Me har langvarige avtalar om driftssamarbeid med bønder i distriktet og gode leveringsavtalar for kjøtet over heile landet.
Homlagarden eig og administrerer produksjonen, men leiger bygg, areal og arbeidskraft frå samarbeidande bruk. Til dømes leiger me sauefjøs og heimebeiter til oppal av kalkun når sauen er til fjells sumartid. Ein vinn-vinn situasjon for bonden som får betalt for arbeid, leige av fjøs og areal og beita vert og haldne i hevd, klare til bruk når sauen kjem frå fjellet.( Homlgarden får såleis kapasitet til å auke produksjonen i takt med etterspurnaden. )
Fleire drivhus, grisehus og konvensjonelle kyllinghus med areal har vorte bygde om og tekne i bruk for økologisk fjørfe.
Homlagarden har i dag ein vidtfemnande aktivitet med totalt 14 driftseiningar for fjørfeoppdrett. Desse består av Homlagarden Rugeri med klekkeri, 4 småkyllinghus og 9 lokalitetar med beiteareal for oppdrett av fuglane. Homlagarden har bygga opp eige økologisk og godkjend fjørfeslakteri og eit nytt pakkeri med fryseri og lagerfasilitetar. Dei seinare åra har me drive med oppal av både med kalkun og kylling. Produksjonen er på om lag 16 000 kalkun og 80 000 kylling årleg . Homlagarden er i dag Noregs største produsent av økologisk kvitt kjøt. Der er kring 15 heilårs stillingar i drifta og eit stort engasjement av innleid arbeidskraft og tenester til ymse prosjekt.
Eg er stolt av å ha to søner engasjert på heiltid i verksemda. Brynjolf som dagleg leiar og Anders som leiar for uteavdelinga. Det er gledeleg at den nye generasjonen satsar for fullt og fører vidare den økologiske fjørfedrifta!
Skal det i framtida også vera liv laga på denne planeten, meiner eg all menneskeleg aktivitet bør dreiast mot økologisk tenkemåte og handling. Dette er noko av drivkrafta bak drifta her i Homlagarden.¨
Bjørn Brynjolf Pedersen
Homlagarden AS er økologisk frå egg til slakt.
Homlagarden AS er godkjend av Mattilsynet og DEBIO på alle nivå frå klekking av kylling til oppal, transport, slakting, pakking og foredling og like fram til levert strekkodemerka produkt.
Genetikk, økologisk fôr, naturlig næring og mykje mosjon gjer at fuglane veks seinare. På Homlagarden vert kyllingar slakta etter 62-83 dagar. Kalkun etter 101 til 145 dagar. Dyra har fri tilgang til areal ute, dei kan beite og få dagleg økologisk fôr. Fôret er av 100% økologiske ingrediensar.
Transporten til slakteriet er roleg, kort og med lite stress. Fuglane er salmonellatesta før slakting og kjøtet er på kjøl innan 10 minuttar etter avliving. Mattilsynet og personalet i Homlagarden kontrollerar kvar slakt i alt 11 gonger under slakte- og pakkeprosessen. Til reingjering brukar Homlagarden organisk syre og produkt med låg PH-verdi utan kjemikaliar eller miljøgifter. Mjølkesyrebakteriar vert brukte for å styrkje dyrehelsa og hemma utvikling av uønska bakteriar, midd og insekt i miljøet.
DEBIO er kontrollorgan for det økologiske jordbruket i Noreg.
Dei økologiske bruka skal mellom anna drivast utan bruk av kunstgjødning, preventiv medisinering eller miljøfarlege sprøytemidlar. Økologisk kylling og kalkun skal ha god plass i husa. DEBIO krev at der ikkje skal vera over 21 kg fugl per kvadratmeter.
Homlagarden sine fuglar skal trivast i husa sine, ute på beite og skal ha utløp for naturlege behov.
Kyllingar frå eigne økologiske foreldredyr
Homlagarden har som fyrste fjørfeprodusent i Noreg opparbeida eige rugeri med økologiske kyllingforeldredyr. Gjennom utprøving med importert avlsmateriale frå sakteveksande kyllingrasar har me funne ein rase som høver for økologisk oppdrett i norsk klima. Ein fugl med god robust helse og høg kjøtkvalitet.
Kyllinghanar og høner lever harmonisk saman, og hønene vert naturlig befrukta. Egga vert klekt i Homlagarden sitt klekkjeri, der kyllingane får økologisk oppvekst frå fyrste dag. Fuglane veks i eit naturleg tempo, langt saktare enn konvensjonell kylling, og utviklar ein sterk og frisk beinstruktur med god muskulatur og friske indre organ. Dei beveger seg raskt, har god fjørdrakt og trivst ute på beite.