Kyllingar frå eigne økologiske foreldredyr

Homlagarden har som fyrste fjørfeprodusent i Noreg opparbeida eige rugeri med økologiske kyllingforeldredyr. Gjennom utprøving med importert avlsmateriale frå sakteveksande kyllingrasar har me funne ein rase som høver for økologisk oppdrett i norsk klima. Ein fugl med god robust helse og høg kjøtkvalitet.
Kyllinghanar og høner lever harmonisk saman, og hønene vert naturlig befrukta. Egga vert klekt i Homlagardens eige klekkeri og kyllingane får økologisk oppvekst frå fyrste dag. Fuglane veks i eit naturleg tempo, langt saktare enn konvensjonell kylling, og utviklar ein sterk og frisk beinstruktur med god muskulatur og friske indre organ. Dei beveger seg raskt, har god fjørdrakt, og trivst ute på beite.

Økologisk fôr inneheld dei beste råvarer utan restar av sprøytemidlar, og inneheld ikkje koksidiostatika (Narasin). Fuglane får rein og naturleg mat. I tillegg har dei god plass både inne og ute.

Økologisk fôr, uteliv, god plass og god hygiene styrkjer trivsel og helse.

Forrige
Forrige

Om Homlagarden

Neste
Neste

Black Turkey kalkun