Black Turkey Kalkun

Kvar morgon flaksar hundrevis av kalkunar ned mot grøne bakkar på Homlagarden i Hardanger. Dei meskar seg i natureng med blomar og frodig gras, ville bær og urteplanter. Naskar til seg litt eple og plomme i ny og ne, snappar insekt i skogbrynet, jordbadar og lever glade dagar i det fri. Om ettermiddagen vandrar dei heim til kveldsmat og kvile.

Homlagarden har lenge vore på jakt etter ein kalkunrase eigna for økologisk oppdrettsmetode. Me importerer rugeegg frå England og ruger desse fram i vårt eige klekkeri. Den har genetikk frå ein svart kalkunrase; Norfolck Black, som spanjolane importerte frå Mellom Amerika på 1600-talet. Desse har me har kalla Homlagarden Black Turkey.

Kalkunen liknar skogsfugl i utsjånad og er robust i oppdrett. Den veks seint og får ein sterk og sunn kropp. Kalkunane har svært fin kjøtfylde med den beste kvalitet og smak, både til bruk som julekalkun, som stykka kjøt eller som foredla varer.

Forrige
Forrige

Homlagarden kylling

Neste
Neste

Kåringar